Pelsdyroppdrett, i Norge eller Kina?

OPPDRETT: Sølvrevmor med kvelpar på liggjehylla

OPPDRETT: Sølvrevmor med kvelpar på liggjehylla Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Leserbrev (Bygdeposten) Ei stortingsmelding om pelsdyr blir lagt fram i løpet av kort tid, då vil skjebnen for alle oss pelsdyrbønder bli avgjort.

Det er eit faktum at pelsdyrhald er underlagt det strengaste kontrollregime av norske husdyrnæringar. På trass av dette viser rapportane frå Mattilsynet sine tilsyn med dyrehald, at pelsdyr ikkje kjem dårlegare ut enn andre husdyrnæringar. For alle husdyr er det heldigvis få alvorlege hendingar, men ofte så blir dei alvorlege tilfella slege opp i media.

Media bør ha eit sjølvstendig ansvar om å vise ein balansert framstilling av saker der dyr ikkje har fått nødvendig oppfølging, det er nok på langt nær alltid tilfelle.

Pelsdyrnæringa i Norge har også sjølv dei siste åra innført forskjellige tiltak for å styrke dyrevelferda, som sertifiseringsordning, veterinærtjeneste, og sterkare fokus på avl for godt lynne og tillitsfullheit. Streng internjustis, med eksklusjon og fråteke sertifikat er også gjennomført.

Det faglege grunnlaget for utvikling av dyrehaldet og velferda dei siste åra, er Vitskapskommiteen sin rapport frå 2008, som konkluderte med at velferda for pelsdyra var tilfredstillande, og at dyra ikkje lir, men likevel hadde den forslag til enda betre krav til pelsdyrhald. Denne rapporten var grunnlaget for nye pelsdyrforskrifter som kom i 2011, der fleire nye velferdsforbedrande tiltak vert implementerte fram til 2018.

Veterinærar som har erfaring med pelsdyrhald og andre produksonsdyr, er i hovedsak positive til dyrehaldet og dyrevelferda.

Pelsdyr er ei konkurransdyktig eksportnæring utan subsidiar, som med pelsdyrfôret er ein viktig renovatør frå slakte og fiskeribedrifter.

Fyrstehandskunnskap er avgjerande viktig, for alle som meiner noko, og tek stilling. Difor er opne gardar viktig for å vise fram realitetane. I Buskerud, der alle fem pelsdyrbønder held til i Hallingdal, har me kvart år hatt fleire opne dagar, med godt besøk, men mange fleire ville nok hatt god nytte av å sjå korleis pelsdyra har det.

Mange blir overraska når dei kjem og ser korleis gardsdyra er i verkelegheita. Særleg ungdom blir glade for å sjå at dyra har det godt, er rolege og tillitsfulle, og at dei ikkje lir. Dette er nok ei stadfesting av at mange blir forleda til ein feil verkelegheit gjennom sosiale medier og av «dyrevernarar.»

Stortingets behandling vil ikkje berre få betydning for alle pelsdyrbønder, men også for pelsdyra. I vårt velutvikla demokrati må ein ha tiltru at riktig kunnskap og realitetar for gardsdyra er avgjerande for politikarane sine beslutningar.

Dei fleste meiner at dyrs velferd og levemiljø skal ha stor betyding. Norge bør her fortseta med å vera eit godt føredøme, med å sikre ei berekraftig utvikling for pelsdyrnæringa, på den måten vil fleire pelsdyr vera sikre gode levevilkår, på bekostning av pelsdyroppdrett i Kina.

Samtidig må det vera ei klar målsetting om at næringa får ein vekst, og norsk pels må promoterast, som berekraftig og frå gardar med dyrevelferd i høgsetet.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags